Musikk
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
16. september 1992 var Jarrett attende på jazzklubben Deer Head Inn, 30 år etter at han spelte der sist. Det var også 16 år sidan sist han spelte med Paul Motian. Eit utval frå konserten blei gjeve ut på At The Deer Head Inn i 1994. Med denne utgjevinga er resten (?) av materialet tilgjengeleg. Totalt to timar og tjue minuttar musikk. Dei fekk mykje for pengane, dei som var på konserten, for The Old Country er ikkje andresortering.
Båe platene er prega av ei avslappa stemning, og denne utgjevinga meir enn den første. Uttrykket er vesentleg annleis enn platene med standardtrioen (med Jack DeJohnette på trommer). Motian held først og fremst takten på stødig og velkjent vis, og Peacock dannar eit tandem med Motian som gjev Jarrett høve til å ta i bruk heile registeret. På «Straight No Chaser» møter me den aggressivt insisterande og repeterande Jarrett, medan han uttrykkjer seg svært sparsamt i den to minuttar lange avslutninga på tittelkuttet, som ei kloning mellom Count Basie og Jan Johansson. I introen på «I Fall in Love Too Easily» er han på sitt mest stillfarne lyriske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.