Kunst
Perfekt timing
Skakke folkedrakter er ei stor oppleving som treffer med både bodskap og utforming. Vandreutstillinga skal gå over tre år. For tida er ho i Arendal.
Lin Wang: «Bunad Tattoo Shop», installasjon i porselen og tekstil.
Foto: Ådne Thomassen
Skodda heng lågt over tjernet mellom Bomuldsfabriken Kunsthall og Sørlandet sjukehus denne ettermiddagen mellom vinter og vår. Fabrikkbygningen frå slutten av 1800-talet er svært solid bygd for å tole vekt og vibrasjon frå lange rekker av dampdrivne vevemaskinar med reimar og hjul. Lenge etter siste produksjon av dongeribukser og busserulltrøyer kjøpte Arendal kommune i 1990 bygningen for å gjere han om til eit kunstgalleri.
Utstillinga Skakke folkedrakter opna alt i 2023 og held fram til 2026. I år skal ho innom Arendal, Bergen, Hadeland og Oslo. Bak står Nasjonalmuseet i samarbeid med fleire andre institusjonar, blant dei Norsk institutt for bunad og folkedrakt.
Dei seks kunstnarane Márjá Karlsen, Harald Beharie, Rafiki, Lin Wang, Håvard Kranstad og Christian Blandhoel er inviterte til å skape verk som utforskar forholdet mellom individ, klestradisjonar og tradisjonshandverk. Dei har teke med seg eigne historier i møte med andre handverkarar og tradisjonsberarar både i Noreg og i Sápmi.
Kom nærmare
Informasjonsplansjar på norsk og samisk slår an tonen på ein ujålete måte, med gode spørsmål rundt utfordringar knytte til tradisjonar, endringar og enkeltmenneske. Rundt første hjørne står verket til Wang, «Bunad Tattoo Shop». Eit skjermbrett og ein blå, isbjørnliknande figur med det som minner om ein antikk kinesisk vase på ryggen, skaper spenning og ettertanke. Ingenting er som ein trur ved første augekast.
Særleg vasen inviterer meg til å komme nærmare, med små motiv, sirleg måla i blått. Auget finn først det eg forventar: Landskap med tre, bølgjer og planteornament, men så kjem det fram motiv som sjømannstatoveringar, før eg legg merke til ei rivne som avdekker det som liknar hud under glasuren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.