Musikk

Perler frå svin

Musikalske sjangerbrot for folk som vil ha meir svir og svor.

Pumpegris er Vera Sonne, Mikkel Bjørneboe, Astrid Garmo, Trygve Liahagen og Jon Espelid. Her demonstrerer dei posering i trapp.
Publisert Sist oppdatert

Dei som fekk med seg dei nominerte til Spellemannprisen førre veke, la kanskje merke til at tankar om fornying av fele- og folkemusikk fekk mange nominasjonar. Då særleg frå multitalentet Ola Kvernberg og den unge trioen Uld, som til saman hanka inn seks.

På kvar sitt vis utfordrar desse både pop- og folkemusikk. Begge er mellom anna nominerte i den høgthengande kategorien Årets utgjeving. Der gjev dei saman med popflogvita Aurora og Gabrielle eit augeblinksbilete av norsk musikk. Altså ikkje berre det historiske skiljet mellom dei som snakkar bergensk og alle andre, men mellom kommersielt forvitne poputtrykk og leikne sjangerbrot som både søkjer framover og gløttar bakover i musikkhistoria.

Namnet skjemmer nokon

Eit album som ikkje vart nominert, var Sjugurd frå hardingfelespelaren Astrid Garmo, med fjorten slåttar etter oldefaren Sjugurd. Ei personleg og varm blanding av halling og springleik.

Det snur til neste år. Saman med bandet sitt, Pumpegris, har Garmo skapa noko heilt makelaust – i ordet si rette meining.

Pumpegris som namn er like ille eller like uskyldig som ein sjølv vil. Det kjem frå eit barnerim av den skjelmske danske diktaren Halfdan Rasmussen (1915–2002). Inger Hagerup gjendikta eit utval av dei fandenivaldske versa i 1960, men sjokkerande nok ikkje brennevinsskjemtet «Pumpegris! Pumpegris! med det fede spæk». «Pumpegris» vart òg namnet på skuta «Klara» i Rasmussen-omsetjinga av Thorbjørn Egners «Sjørøvervise», så ting tyder på at han var særs nøgd med ordet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement