Philip Roth (1933–2018)

Frå no av må vi tale om Philip Roth i fortid. Han var ein av dei store amerikanske forfattarane i vår tid. Lesarane hadde alt budd seg på at det var slutt. Han lova at romanen Nemesis (2010) var den siste frå hans side. Handlinga er lagd til 1944, då ein polioepidemi bryt ut i New Jersey og rammar barn og ungdom, uventa og tilfeldig. Ungdomstid i amerikansk samtidskultur har vore Roths store tema heilt sida den første boka, Goodbye, Columbus, ein kortroman og fem noveller, kom i 1959.

Eg kan ikkje hugse noka anna bok av Roth som sette seg så fast i meg som denne første boka hans gjorde, godt hjelpt av filmversjonen av tittelforteljinga frå 1969. Her skildrar forfattaren kjærleiken til Brenda, spela av den unge Ali MacGraw. Det er både ei kjærleikshistorie og ei klassereise. Eg hugsar scena mellom dei to i eit amerikansk symjebasseng, sjølve symbolet den gongen på fullkommen erotikk. Men for ein bokmann og bibliotekar, som helten i teksten, må det ende tragisk. Slikt høver, diverre, dårleg på bassengkanten.

Philip Roth var både forfattar og akademikar. Han hadde mastergrad i engelsk frå University of Chicago. Han skreiv og han underviste. Novellene i den første boka handla alle om amerikansk-jødisk kultur, som han var ein del av, og som han kjente så godt til gjennom oppvekst i New Jersey. Les den framifrå boka han skreiv om far sin, Patrimony (1991). Tekstane i Goodbye, Columbus viser til problem som oppstår i amerikanske jødiske miljø når ein blir omforma og assimilert inn i ei solid mellomklasse. For Roth gir ei slik utvikling ei kjensle av tap, ikkje vinning. For å syne det kan Roth ta inn i teksten ein jødisk einstøing som slett ikkje passar i eit slikt miljø. Det var eit opplegg Roth stadig kom attende til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement