Bok

Politirøynsler frå gateplanet

Boka Politihjertet summerer opp røynsler frå forfattarens lange liv i politiet. Boka er på sitt beste når ho skildrar møta med minoritetsmiljøa og hanskast med tvangsgifte, vald og patriarkalske haldningar.

Kim Ane Hiorth (f. 1959) jobba 31 år i Oslo politidistrikt, mellom anna i ordensavdelinga og avdeling for organisert kriminalitet.
Kim Ane Hiorth (f. 1959) jobba 31 år i Oslo politidistrikt, mellom anna i ordensavdelinga og avdeling for organisert kriminalitet.
Publisert

Nokre av skildringane i boka er velkjende frå fiksjonsseriar som den svenske serien Den tynne blå linjen, vist på NRK. Mangfaldet i politiet sitt arbeid har òg vore belyst i seriar frå røyndommen, som Blålys på TV 2 Viaplay. Også i denne boka får vi eit knippe røynsler som viser farefulle situasjonar og møte med triste skjebnar blant utsette born og prostituerte. Opplevingar som å finne ei død kvinne med sprøytespissen i armen på eit toalett, gjer inntrykk. Under kåpa hennar dukkar det opp ei tre år gamal levande jente, dottera til den døde kvinna.

Forfattar Kim Anne Hiorths framstilling skil seg ut ved at ho går djupare inn når ho fortel historiene til dei ho møter i jobben. Alt i forordet legg ho fram ei slags erklæring: «For meg er det helt grunnleggende å vise at man har et hjerte under politiuniformen.»

Ein kan ikkje anna enn å respektere viljen hennar til å følgje opp enkeltmenneske ho møter i jobben. Samstundes kan ein undre seg over kva følgjer det kunne få om alle politifolk gjorde det same. Det er neppe mogleg. Hiorth fekk i fjor utmerkinga International Police Association World Class Policing Award for arbeidet sitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement