Musikk

Pop med meining

Ine Hoem er attende.

Ine Hoem er låtskrivar og tekstforfattar.
Publisert Sist oppdatert

Ine Hoem ser attende på ei plate som eg har gjeve merkelappen pop, men Hoem gjer det kunststykket å fylla det lett tilgjengelege med noko som det faktisk går an å lytta til med utbytte fleire gonger.

Det er ikkje første gong Hoem ser attende i kunstnarleg samanheng. På Hundre dager ser ho i «Blinkende Bergen» attende på studentår i byen mellom dei sju fjell, og dei som har vore på konsert med Ine og faren Edvard, vil kjenna att eit par av låtane på plata. Hoems reise til Minnelandet er såleis godt førebudd.

Det er tre ting som gjer plata til ei lita popperle. Først av alt fungerer tekstane. Poesien er enkel, metaforane når deg med ein gong, og språket er reinskore og presist. «Jeg løper med bein som er fulle av vår/ Du har plastra dem på nytt etter at jeg tryna i går/ Og skogen har bredt et teppe av blå- og hvitveis-skatter», heiter det i songen «Mamma». For det andre lagar Hoem fengande melodiar. Melodiane er skreddarsydde til tekstane, høyr til dømes på tyggegummipoplåten «14 år». For det tredje samarbeider ho med musikarar som har forstått kva det går i. Arrangementa er enkle og får det meste ut av melodiane, men går aldri i vegen for teksten.

Det er ikkje eit kronologisk minnealbum Hoem serverer. Ho hoppar elegant frå små augneblinksbilete i barndomen, gjerne med bruk av familiens kassettarkiv, til refleksjon over kva familie og familiemedlemer har betydd og betyr. Det er sjeldan ein finn så mykje meining i popmusikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement