Musikk

Pop med storbandinnpakking

Tekst og melodi har ikkje nok substans.

Lyder Røed skriv fint for trompet, meiner Lars Mossefinn.
Lyder Røed skriv fint for trompet, meiner Lars Mossefinn.
Publisert Sist oppdatert

Det er vel som venta av eit orkester der medlemene skal vera både instrumentalistar og komponistar, at repertoaret blir mangfaldig. Eg har tidlegare meldt platene til Ojkos med musikk signert Andreas Rotevatn og Knut Kvifte Nesheim. Musikken til Lyder Røed er definitivt ein annan skål. Røed deler frilanskarrieren mellom ulike band som Fieh, Lyder Røed kvintett, Bangkok Lingo, Slow is the new fast og Ojkos.

Dette er først og fremst popmusikk i slekt med det Fieh framfører, men med blåsearrangement. Arrangementa har ein del fine passasjar. Røed skriv fint for trompet. Ikkje spesielt overraskande, det. Det mest interessante er likevel den klangpaletten han utviklar med dei elektroniske instrumenta, vibrafonen og blåsarane. «Remember» er slik sett eit lovande opningsspor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement