Film
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Adolf Hitlers eigen filmregissør har ho vorte kalla, men Leni Riefenstahl var meir enn det – ho var ei nybrottskvinne bak kameraet. Ho fanga fabelaktige detaljar på film, men gjekk ho glipp av det store bildet av kva som føregjekk i heimlandet på same tid?
Frå katalogen
Eg er på Tiff for å presentera film. Ein del av jobben er å skriva programteksten: «Viljens triumf gjekk sin sigersgang frå han hadde premiere i 1935 – framifrå foto og nyskapande forteljarteknikk gjorde at det i ettertid har blitt sett på som nazistane sin mest effektive propagandafilm, og i samtida vann filmen den gjæve Gulløva på filmfestivalen i Venezia. Publikum skjønte kanskje ikkje kva for eit apparat Adolf Hitler sette i gang på denne tida, men skjønte regissøren bak meisterverket det? Leni Riefenstahl har ikkje kome godt ut historisk sett, men ho heldt til siste slutt på at ho ikkje visste noko.
Etter Viljens triumf laga ho dei tilsvarande iaugefallande dokumentarane om OL i Berlin i 1936, Olympia. Eit oppgjer etter andre verdskrigen frikjende henne under tvil for skuldingane om medverknad til krigsbrotsverk, men det var ikkje nok til å få innpass i den filmskapande varmen igjen. Ut frå ei rekkje intervju og TV-program Riefenstahl deltok i gjennom åra, har regissør Andres Veiel sett saman ein djuptpløyande, nyansert dokumentar om henne. Publikum lyt sjølv stilla seg spørsmåla om skuld sett i etterpåklokskapens nådelause lys.»
Meta
Etter å ha sett filmen for andre gong er eg framleis ikkje sikker på kor mykje ho faktisk visste. Men det som framstår ganske soleklart etter gjensynet, er i kor stor grad ein trur på si eiga forteljing, som ho jo har fortalt gong på gong. Ho er beinhard. Så hadde ho kanskje heller aldri fått den posisjonen som ho hadde om ho ikkje var så hard, då det ikkje florerte av kvinnelege regissørar på 1930-talet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.