Film

Prikkedøden

Marerittet er elegant, men tek ikkje frå meg nattesøvnen, noko som kanskje ikkje er ein positiv ting.

Mona (Eili Harboe) og Robby (Herman Tømmeraas) har kjøpt sin første bustad saman. Rett etter at dei flyttar inn, får Mona intense draumar.
Mona (Eili Harboe) og Robby (Herman Tømmeraas) har kjøpt sin første bustad saman. Rett etter at dei flyttar inn, får Mona intense draumar.
Publisert

Då det unge paret Mona (Harboe) og Robby (Tømmeraas) flyttar inn i eit dødsbu, går det fort frå nyforelska idyll til søvnlaust skrekkscenario. Kva kan Mona gjera for å sleppa unna mareritta sine? Og kva er det eigentleg med den konstant grinande babyen i naboleilegheita?

Kva er kva

Ein av dei sjangrane eg synest er mest ambisiøse, er skrekkfilm. Ein har på ein måte berre éi oppgåve, men nettopp den er utruleg vanskeleg: å skremma livsskiten ut av publikum. Dette overordna målet har også ein tendens til å vaska ut alt anna av essensielle kvalitetar, som dialog og handling, og ofte kan ein klaska på med overnaturlege element, fordi ingenting er meir skremmande enn det me ikkje forstår, kan henda med unntak av psyken vår.

Så når denne får seg ein trykk som følgje av søvnmangel, så er det i grunnen lagt til rette for ein haug med element som kan få ein til å sjå spøkelse på høglys dag. Litt som Mona i Marerittet. Kva er draum? Kva er røynd? Kva er det spinngalne, mystiske paret på andre sida av trappeoppgangen for noko?

Prikkingar

Regissør og manusforfattar Kjersti Helen Rasmussen har verkeleg alle ingrediensane på plass. Eili Harboe i hovudrolla er også eit skikkeleg trekkplaster. Det same kan ikkje seiast om rollene til Tømmeraas og Storhøi. Desse to karakterane får eg aldri tak på, dei forblir påklistra og utan djupne, og dermed verkar dei langt mindre skumle enn meininga kanskje var.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement