Film
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Året er 1938, og i kulissane snakkar Joseph Goebbels (Stadlober) med ein stadig meir krigslysten Adolf Hitler (Karl). Helst har Goebbels meir lyst å oppvarta elskarinna, den tsjekkiske skodespelaren Lida Baarova, men Hitler legg planar for heimlandet hennar, og då treng han nokon som kan overtyda tyskarane om at denne krigen trengst.
Den som minst treng overtyding, er Magda Goebbels (Weisz), som står bak og ved sida av ektemannen, propagandaministeren, til siste slutt, trass utruskap og faenskap.
Fleip eller fakta
I starten vert det opplyst om at dialogen i Fører og forfører ligg svært tett opptil truverdige kjelder, at det nærast er ordrett gjengjeving av scenane som utspelar seg i forkant av og under andre verdskrigen. Sjåaren vert med andre ord beden om å tru på ein film om mannen som nærast fann opp fake news, nemleg Joseph Goebbels.
Og ein del av det dei lirer av seg: Du kunne ikkje dikta det opp, som ein likar å seia. Det burde kanskje ikkje sjokkera at så mykje krig er basert på toskete innfall, såra kjensler og behovet for å hevda seg, men det har den effekten på meg like fullt.
Goebbels er ei sitatmaskin, om enn ei fæl ei, og han peikar på nokre sider ved oss som stemmer altfor godt. Propaganda er som kunst – det er ikkje fakta som utløyser dei sterkaste kjenslene våre. Fakta er ingenting, kjensler er alt. Han visste å utnytta dette til fulle, og det er så altfor lett å dra parallellar til dagens samfunn. Usj.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.