Film
Psykisk kan du vera sjølv
Kva kjem fyrst – sjukdommen eller menneska?
Pasientar og hjelparar møtest om bord i båten «Adamant» på Seinen i Paris.
Foto: Nicholas Philibert / Les Films du Losange
Ankra opp på Seinen i Paris ligg husbåten «Adamant», eit senter oppretta av det psykiatriske sjukehuset Saint Maurice som eit prosjekt sidan 2010. Her kjem pasientar innom og slår av ein prat, spelar musikk, driv med kunstmåling eller hjelper litt til i kafeen. Og alle har ei eiga historie og eit liv, på sida av sjukdomen sin. Eller kanskje saman med sjukdomen?
Lege og pasient
Den norske undertittelen er jo heilt gyseleg – Hjerterom på Seinen høyrest ut som ein film eg ikkje har lyst å sjå, så platt og klissete og overkommunisert som det kan bli. På andre sida – her er jo verkeleg hjarterom, men i motsetning til ein frivilligsentral som tek imot dei svake i samfunnet, så er dette eit tiltak finansiert av eit stort sjukehus med betalte sjukepleiarar og psykiatrar tilsette på båten.
Det er eigentleg frigjerande å høyra ordet pasient brukt her, ikkje den av og til krampaktige omdefineringa som New Public Management har ført med seg. Pasientane sjølve er også svært klare på kva dei er og kva dei har å stri med, dette blir ikkje skyvd til sides eller forsøkt pakka inn.
Berøringsangst kjem ein ikkje langt med på «Adamant». No viser ikkje filmen utagerande situasjonar eg vil tru kan oppstå på ein psykiatrisk institusjon der ein ikkje skil mellom folk med ulike diagnosar, og kva medisinar ein tek (eller ikkje tek), men han er heller ikkje noko glansbilete. Heldigvis. Og så er det sjeldan ein får eit så klart bilete av kor viktig tannhelse er.
Folk er menneske
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.