Psykisk tiltrekking
Kjemien mellom hovudpersonane er uvanleg god i Normal People.
Connel (Paul Mescal) og Marianne (Daisy Edgar-Jones) elskar kvarandre i løynd.
Foto: Element Pictures for BBC
Skvære, sportslege Connell (Mescal) og sære, rike Marianne (Edgar-Jones) går på vidaregåande skule i same irske småbyen, men at dei driv og har seg, er noko ingen må få vita om. Men korleis skal dei klara å halda seg frå kvarandre når sterkare kjensler ligg under, og dei begge kjem inn på same prestisjeuniversitetet i Dublin?
Austentisk
Sally Rooney er på rask veg oppover forfattarstjernehimmelen, og det betyr ofte overgang til skjerm og lerret. Andreboka hennar, Normal People (2018), har såleis vorte filmatisert før debuten Conversations With Friends (2017), men også den boka kan me snart sjå på TV, skal ein tru ryktebørsen.
Så kva gjer at Rooney tek slik av? Ho er sjølv relativt ung (fødd i 1991), så hennar klare, nære minne frå denne usikre perioden i livet vårt er sett på med akkurat modne nok auge til at også eg (fødd i 1977) klart kjenner meg igjen i mange av problemstillingane. Og så er det noko tydelegvis evig forlokkande med kjærleik som overvinn klasseforskjellar, som å bli transportert tilbake til Jane Austens tid berre med dagens mote og trendar elegant drapert i kvar einaste filmatiske detalj. Normal People er som godteri for auga og friminutt for sjela.
Pare-normalt
Det vert i overkant mykje oppbygging til lidenskapeleg sex, sånn stort sett i kvar einaste episode. Den veldige tiltrekkinga Connell og Marianne opplever, ligg gjerne vel så mykje på det mentale og i det uttrekte spelet «elskar–elskar ikkje». Dette er gjenkjenneleg, sjølv om ein ikkje nødvendigvis sjølv har gjennomgått eit tilsvarande langvarig turbulent forhold i så ung alder.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.