Bok

Punk- og punktroman

Ingvild Lothe tek vare på poeten i seg i sin første roman.

Ingvild Lothe debuterte med ei novellesamling og har no skrive roman.
Ingvild Lothe debuterte med ei novellesamling og har no skrive roman.
Publisert

«Menneskehjertet pumper blod, havfruehjertet pumper saltvann. Havfruehjertet samler opp mennesketårer. For at havfruehjertet skal kunne slå, er det derfor avhengig av at menneskeheten lever ut den store sorgen. Det er en tung byrde å bære: å spre sorg til menneskene, for selv å kunne overleve.» Så vakkert kan det vere inne i Havfruehjerte, Ingvild Lothes første romanunivers. Det er tidvis eventyraktig, nokre gongar er det så ekspressivt at eg føler «den navnløse jenta» står og skrik til meg, og nokre gongar er det som om forfattaren malar breie penselstrok i raudt og blått og slik brukar kontrastar på ein nesten overtydeleg og klisjéfull måte. Men så kjem det plutseleg små brot i dette poetiske og patetiske med små kommentarar frå den grå røynda, og slik blir det òg humoristisk: «Nord var veganer og følte seg moralsk overlegen».

Tøft og sprelsk

Forfattaren debuterte for tre år sidan med den – særleg til poesi å vere – mykje omtala boka Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt. Bok nummer to er på mange måtar lik diktsamlinga: Romanen er skakk, mørk, sår, rar og morosam.

Om vi skal prøve å teikne opp ei handling, kan vi seie at dette er ei ulykkeleg kjærleikshistorie om ei ung kvinne i oppløysing. Det er mange metaforar fletta inn i forteljinga, ein del av dei religiøse og mytiske, slik som nettopp havfrua. Når eg les meg opp på havfrua som fabelvesen, ser eg at Lothe har henta mykje herfrå, mellom anna har ho henta namnet Derketo frå den eldste kjende havfruehistoria. Havet elles er òg eit element som går att.

Dette er altså ein kreativ roman, eller punktroman, som forlaget òg vel å kalle han, Lothe har skrive. Den store stilvariasjonen let seg gjere fordi boka er delt opp i mange små tekstar og som ein difor nesten like gjerne kan lese som ei kortprosabok som til saman meir eller mindre utgjer ei forteljing. Eg brukar vel å merke mykje energi på å få det til å henge saman. Både tydelege karakterar, handling og konflikt manglar, og når boka er ferdiglesen, er eg ikkje veldig begeistra. Eg opplever heller eit antiklimaks, etter å ha leita og leita utan å finne. Men når eg set meg ned for å melde boka, ser eg i notata at eg jo har storkost meg: «Smell alt frå første side», «Gjer noko kjekt med hovudet» og så bortetter. Tekstane er litt ujamne i kvalitet, men elles har eg ikkje stort å innvende, anna enn det som handlar om mine eigne urimelege sjangerforventingar.

Leiken stil

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement