Bok
Rådville under regnet
Skreda losnar på indre og ytre plan i den spennande nye romanen av Brit Bildøen.
Brit Bildøen debuterte med ei diktsamling i 1991 og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay.
Foto: Tove Breistein
Det er vel slik i mange slekter at ein eller ei kjenner seg esla til å samla familien ved særlege høve, og gjera det på ein slik måte at mange av dei inviterte gjerne skulle ha sagt nei, men kjenner seg som gissel av slektskapen. Slik er det også når Dorte i Gult farevarsel av Brit Bildøen finn på at gullbryllaupet til foreldra skal feirast på Innsetra Gjestegard langt til fjells, i oktober. Men ingen seier noko, for kva kan ein vel seie, og alle som har høve til det, kjem. Og dei kjem i eit regn av bibelske proporsjonar, slik at boka er rykande, eller drypande, aktuell i dette Herrens og hersens året 2023.
Innestengd
Kort etter at gjestane er på plass, går det eit skred som stengjer vegen ut att, og to jegerar som køyrde seg fast i raset, lyt også søka ly på gjestegarden, der festlyden trudde dei skulle vera åleine, med unnatak av den driftige verten Ole, som lyt gjera alt arbeidet med matlaging og anna. Kona hans, Elisabeth, skulle også ha dukka opp, men på grunn av raset vert ikkje det mogleg.
Dei to jegerane er nokre knalltøffingar som seier at dei var på revejakt, men som i røynda var ute etter å leggja forgifta åte ut i marka for å drepa ulv. Tvillingbroren til Dorte, Karl, er i startgropa med eit nytt firma som skal ta folk med på turopplevingar, helst i villmarka for å oppleva dyrelivet, så han er ikkje nett på lag med jegerane.
Skildringane av tilhøvet i familien er svært gode, ein kjenner seg att i skilnaden mellom det folk seier, og det dei tenkjer. Her deler dei i utgangspunktet ikkje store, dramatiske familiesoger, men eit og anna sandkorn i slektsmaskineriet vert tydeleg. Dei to som skal feirast, jordmora hev vore Anna og rektor emeritus Jon, er ikkje sprudlande entusiastiske til lokaliseringa av festen, og særleg Jon er skeptisk til det nye initiativet til sonen Karl.
Utan at mykje vert sagt om saka, forstår ein at faren ser på han som ein upåliteleg drøymar, ein det aldri vert noko skikkeleg av. Men familien er for sivilisert til konfrontasjon, og alt hadde gått roleg føre seg, om det ikkje var for jegerane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.