Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Molok. Om en stor krig på en liten stripe land kalt Gaza, boka Morten A. Strøksnes har skrive om Gaza-krigen, tar for seg det fyrste året av den pågåande krigen. Boka startar med det Hamas-leidde angrepet og massakren i Israel 7. oktober 2023 og avsluttar på dagen eitt år seinare.
Dei 252 sidene i boka er delte opp i 97 hovudavsnitt eller kapittel, dei kortaste på ei tredjedels side, dei lengste på sju–åtte sider. Temaa varierer frå det dagsaktuelle til ringverknader lokalt og globalt, rolla til eksterne aktørar og diskurs både i Noreg og internasjonalt.
Forfattaren kommenterer hendingane undervegs og plasserer dei i ulike kontekstar, både politiske, historiske og diskursive.
Sjølv om utgangspunktet er nyhendestraumen gjennom eit år, og mange av hendingane som forfattaren skriv om, kan vere kjende for lesaren, er det skakande lesing. Folket i Gaza har ingen stader å flykte til, for alle grensene er stengde. Medan Hamas skjuler seg, har sivilbefolkninga vore bedne om å forlate heimane sine på kort varsel. Provisoriske teltleirar er etablerte for dei internt fordrivne, men også desse er bomba av Israel. Israel grunngjev angrep med at Hamas er i nærleiken, men for mange av dei 44.000 drepne, dei fleste sivile, har det vore umogleg å vite kor Israel måtte meine at Hamas er.
Ingen stridsreglar
Strøksnes vekslar mellom kapittel med skildringar og kommentarar av hendingane og enkeltkapittel med kontekst. Ei av hendingane som vert skildra og kommentert, handlar om Hind Rajab, eit av dei drepne barna i Gaza, med eit namn som vert hugsa også utanfor Gaza, skriv forfattaren. Seksåringen sat i bilen medan seks andre familiemedlemmer vart drepne av israelske soldatar. Kontakten mellom den livredde, gråtande jenta og hjelpepersonellet er fanga på lydopptak frå sjukehuset, der dei koordinerte med Israel om å redde henne. Tolv dagar seinare blei jenta funnen skoten og drepen saman med ambulansepersonellet som var sendt for å redde henne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.