Bok
Rått og sårbart
Sumaya Jirde Ali har skrive om rasisme før. Men ikkje slik som dette.
Sumaya Jirde Ali skriv om rasismen ho har møtt i Noreg, både i oppveksten og etter at ho vart ein kjend skribent, samfunnsdebattant og poet.
Foto: Lina Hindrum
Det er ikkje godt å seie kva Sumaya Jirde Ali er mest kjend for. Er det for innsatsen hennar som feminist, lyrikar, skribent, tidsskriftredaktør og samfunnsdebattant, eller er det for hetsen ho har måtta tole fordi ho er ei frittalande norsk-somalisk muslimsk kvinne?
Alt som purung 19-åring debuterte Ali i 2017 med diktboka Kvinner som hater menn, som introduserte identitet, kvinnefrigjering, rasisme og religiøs tru som sentrale tema. Ho viste både talent og mot, men dessverre verna korkje talentet eller motet henne mot hetsen som bygde seg opp kring henne i sosiale og alternative medium, med Resett i spissen.
Hetsarane såg ikkje på Ali som ei frimodig ung kvinne og ein poet med den same retten til å ytre seg som alle andre, men som eit levande trugsmål mot norsk kultur, som eit våpen i ein kulturkrig. Eller i alle fall var det slik dei ynda å framstille henne. Skjellsorda som vart nytta mot henne, er så grove at eg ikkje ser grunn til å hente dei fram her.
To kjende saker bør nemnast: I 2020 vart ei då 71 år gammal kvinne dømd i Høgsterett for hatytringar mot Ali. I 2022 melde Ali den kjende komikaren Atle Antonsen til politiet for rasisme på utestaden Bar Boca i Oslo, men den saka vart lagd bort av politiet.
Fram frå gøymsla
Etter hendinga på Bar Boca forsvann Ali frå det offentlege rommet. No er ho attende med boka Et liv i redningsvest. Dagbokopptegnelser om norsk rasisme, ei bok skriven frå eit sjukehusrom. I dette verna rommet vender eg-personen, som vi må kunne lese som Ali sjølv, seg til ei yngre utgåve av seg sjølv, som er vorte eit «du»:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.