Bok

Rått og vondt

Å lese Kinderwhore er som å bli rispa med eit barberblad gjennom 200 sider, men det er likevel verdt det.

Maria Kjos Fonn har skrive sin første roman.
Maria Kjos Fonn har skrive sin første roman.
Publisert

Maria Kjos Fonn fekk mykje velfortent ros for debuten frå 2014, Dette har jeg aldri fortalt til noen. Gjennom novellene trefte vi destruktive personar som ikkje passa inn. Når forfattaren no har skrive sin første roman, er det som om ho har tatt med seg det vonde frå debuten og både fordobla og forstørra det, gjort alt verre og meir eksplisitt. «Smerte er et valg», seier Charlotte, hovudpersonen i Kinderwhore. Det må òg ha vore eit smertefullt val for forfattaren å skrive romanen. Det er så rått og ungt og låkt at det nesten ikkje er til å halde ut, men eg anbefaler alle å bite tennene saman og lese.

Berre å legge seg ned

Charlotte blir misbrukt som lita jente, gjennom fleire år. Mora hennar er så rusa og deprimert at ho ikkje får med seg det som skjer i naborommet. Det einaste Charlotte lærer av mora, er å ta sovepillar, å gøyme «Redd» og «Lei seg» under senga og at viss ein mann vil ha noko frå henne, er det «bare å legge seg ned». Vi blir med henne frå før mishandlinga startar og fram til ho er i starten av tjueåra, og på vegen blir det mykje rus, depresjon og skadelege forhold for henne òg.

Romanen kan minne om ei vitneutsegn der jenta, i lag med lesaren, grev fram alt som har skjedd med henne, som om ho ønsker å fortelje meg alt frå start til slutt. Alt er «framført» på ein slampoesiaktig måte der det låke og nære er kamuflert med det tøffe og snertne: «Hun hadde en penn hvor det sto Støttesenter mot incest. En sånn kunne jeg skrive autografen min med.» «Jeg tenkte ikke over at jeg stjal, det var så vanskelig å vite hva som var mitt.». Det er elegant gjort, og det er tydeleg at det er lagt mykje arbeid i språket. Formuleringane er slåande, kvikke og finurlege. Denne estetikken kler òg referansane Fonn knyter til kinderwhore, som er namnet på ein klesstil som stammar frå grungemiljøet i 1990-åra. Kinderwhorestilen er uskuld blanda med det rufsete, med tung og klønete sminke og dokkeaktige kjolar med hol. Språket og referansane vil truleg passe ekstra godt til heilt unge lesarar. Dei yngste vaksne er nok dessutan dei som kan trenge denne boka aller mest.

Styrke

Men også eg, og du, treng denne boka. Eg lærer så mykje om psykiatri og om traume ved å lese Kinderwhore. Fonn har gjort eit imponerande forarbeid, slik at grepet med å flette inn psykiatriske journalar fungerer flott. Og sjølv om vi i uuthaldeleg lang tid må tole denne konstante smerta, som å bli rispa med eit barberblad, lysnar det litt mot slutten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement