Litteratur

Realpolitisk syn på Ukraina

Noreg må innsjå at verda aldri blir den same, skriv Janne Haaland Matlary.

Jenter som leikar ved sida av minnemuren for falne i Ukraina.
Jenter som leikar ved sida av minnemuren for falne i Ukraina.
Publisert Sist oppdatert

Noreg innbiller seg at alt skal bli som før – at krigen skal ta slutt, at dei ukrainske flyktningane vil reise heim, at det på ny blir fred i Europa. Dette er ikkje berre naivt: Det er ein farleg illusjon, åtvarar Matlary. Russlands invasjon av Ukraina rista heile det internasjonale systemet ut av det vande mønsteret. Verda blir aldri den same.

Janne Haaland Matlary, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og ved Forsvarets stabsskole, har skrive ei bok som er personleg, rik og lettlesen. Ho opnar med ein saftig kritikk av Noregs tryggingspolitikk: Landets leiarar lever i ei idealistisk boble og vantar realitetsorientering i tryggingspolitikken, skriv ho. Men samstundes legg ho stor vekt på folkeretten. Når verda aldri blir den same, kjem dette av at Russland ikkje bryr seg om folkeretten, skriv ho og framstiller folkeretten som storpolitikkens grunnleggjande trafikkreglar.

Argumentasjonen hennar går slik: Dersom stormakter ikkje bryr seg om folkeretten, blir det internasjonale systemet uføreseieleg og utrygt. Særleg utrygt blir det for småstatar. Folkeretten er den viktigaste garantien dei har for sjølvstyre og suverenitet. Og ekstra utrygt blir det for Russlands små nabostatar. For når Russland ikkje bryr seg om folkeretten, har desse statane ingen garantiar for eigen tryggleik. Bortsett frå ein allianse med USA.

Sverige og Finland byrja tenkje i slike banar etter 2014, då Russland okkuperte Krym. Åtte år seinare, då Russland freista å okkupere heile Ukraina, braut dei to nordiske landa over tvert med nøytralitetspolitikken sin og søkte om medlemskap i Nato.

Krigens karakter

Matlary gjennomgår nyttige analytiske omgrep frå statsvitskapen og frå militære studiar og nyttar dei i analysen sin. Ho slår til dømes fast at deltakarane i krigen har forskjellige interesser og forskjellige syn på krigen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement