Film

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).
Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).
Publisert Sist oppdatert

Kjærleiken slår ned den i nyskilde småbarnsmora Maria (Guren) når ho treffer den frie musikarsjela Sigmund (Thune). Fleire år og to barn til seinare er det ikkje like heitt mellom dei to, og Maria får sjokk då Sigmund vil ha pause. Og så ho som berre gjer alt for å halda familien gåande!

I beg your pardon

Det går ikkje lang tid før tornane i rosehagen viser seg for sjåaren i Elskling. Alt heilt i starten, før elsklingen sjølv er introdusert, må me vera vitne til kjeklinga mellom Maria og eksmannen, til Maria si såre iakttaking av dei små borna som må tilbringa helga med far sin – utan hennar kyndige, kjærlege omsorg. Det er klart ein unnar henne ny mann – nye lodd, nye vinstar!

Og det skjer friksjonsfritt, enkelt og fint, akkurat som i songen til Lynn Anderson: «love shouldn’t be so melancholy». Han lovar henne aldri noko rosehage heller, men det er nok lettare å setja pris på den fridomselskande mannen når ein ikkje har Familien AS å ta seg av. Kroppsspråket Maria snakkar når han kjem heim ein ettermiddag etter veker på turné, overdøyver orda hennar så det held, og det er så ein får frysningar.

Verdas verste kone

Dei fleste kjenner nokon som har gått gjennom eit samlivsbrot, og som oftast kjenner ein berre til den eine sida av historia, der den ein kjenner, kjem best ut av det. Elskling er som å høyra veninna si fortelja at det var hennar feil at det blei slutt, at ho skjønar det godt, og at ho skulle ynskja ho hadde gjort ting annleis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement