Bok

Reiseskildring i særklasse

Reise i Polen er reiseskildring og forteljekunst, med eit presist språk, ei klår røyst og eit skarpt blikk.

Alfred Döblin (1878–1957) var forfattar, lækjar og psykiater.
Alfred Döblin (1878–1957) var forfattar, lækjar og psykiater.
Publisert

Alfred Döblin, fødd i Szczecin i 1878, var praktiserande lækjar og psykiater og ikkje minst forfattar. Döblin forlét sjeldan Berlin, han likte ikkje å reisa. Så la han hausten 1924 likevel ut på ein to månader lang rundtur i Polen. Eit viktig mål var å skildra det austjødiske, ikkje-assimilerte livet. Reisekassa vart fylt av forlaget hans, S. Fischer.

Reise i Polen er litteratur i særklasse, utan tydeleg plass i det vanlege sjangerhierarkiet. Ho er «litterær prosa» slik Arne Melberg definerer omgrepet: «det är berättarröst och berättarposition som gör prosan litterär» (Att läsa prosa, 2020). På fleire vis er ho ei førebuing av storverket til Döblin, romanen Berlin Alexanderplatz (1929), kjent for skildringar av dei lægste sjikta i Berlin i montasjestil. Rune R. Moen har omsett Reise i Polen til eit norsk som står overtydande støtt på eigne bein, samstundes som røysta til Döblin kling vidare. Det er ein prestasjon.

Åtak på jødar

Ein viktig bakgrunn for reisa til Polen var pogromliknande åtak på jødar i «Scheunenviertel» i Berlin i byrjinga av november 1923. «Her støytte nazismen ut sitt fyrste skrik», skriv Döblin seinare i boka Schicksalsreise (1949). Han ville etter desse valdshendingane læra jødane i grannelandet å kjenna, dei som hadde halde tru, tradisjonar og språk i hevd i lang tid, men som òg var prega av kontrastar.

Döblin vitjar skular, teater, gateliv, marknader, fagrørsler i fleire byar. Polen hadde etter 123 år under Russland, Preussen og Austerrike vunne att sjølvstendet i 1918, og Döblin var oppteken av korleis landet fungerte no.

Han ser det vakre, gler seg over folkeliv, men legg ottesam merke til rasisme og nasjonalisme. Tilhøvet mellom folk og nasjonalstat var ei stor utfordring også for jødane, anten dei såg føre seg ein eigen stat i Palestina eller eit liv spreidd rundt i verda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement