Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
I år femner Haustutstillinga breitt, svært breitt. Samstundes er fleire av temaa som har vore intenst nærverande dei seinare åra, i liten grad representerte. Få verk omhandlar samiske tema, og kunstnarleg behandling av klima, krig, konfliktar og politikk er det lite av. Tunge, dystopiske arbeid er også fråverande.
Rett nok manar mange av verka til alvor og refleksjon, men på subtile måtar, slik at bodskapen kjem meir smygande, gjerne balansert med estetikk, eller undring. Mange av verka får oss endåtil til å le. Mellom anna er det mykje humor kring fallosar. Marianne Saures keramiske penisar har forskjellige gradar av ereksjon. (Eg lurer på om det er tilfeldig at figurane er plasserte ved naudutgangen.) Aksel Ree har hogd ein daff penis i marmor, omkransa av realistisk forma blomsterkransar, med den talande tittelen «Aftensang».
Og så er det den forfriskande vanvitige Agent 007-filmen til Matias Hellberg, der skodespelarane har masker over underlivet, slik at penisen stikk ut gjennom munnen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.