Bok
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.
Nikolaj Frobenius har skrive ei rekkje skjønnlitterære bøker som er omsette til fleire språk.
Foto: Christian L. Elgvin
Då aktor John Lyng heldt det innleiande føredraget i saka mot Rinnanbanden i 1946, framheva han at bandeleiaren var intelligent, ærgjerrig og kompromisslaust målretta – ikkje for «å si noe fordelaktig om Henry Rinnan, men fordi det er et faktum […] at han har trukket det lengste strå vis-à-vis nordmenn, hvis dyktighet og energi vi alle sammen ubetinget anerkjenner».
Lyng åtvara mot å undervurdere motstandaren deira, og meinte «det vilde være uriktig overfor disse folk å prøve å gjøre seg det bilde at de har trukket det korteste strå vis-à-vis en fullstendig underlegen type som er dukket opp med mindreverdighetskomplekser inne fra Levanger».
Forteikna bilde
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.