Rett og slett retorikkBoka lukkast godt med å vise kor direkte klassisk retorikk kan vere til nytte for alle som talar og skriv, høyrer og les.
Boka lukkast godt med å vise kor direkte klassisk retorikk kan vere til nytte for alle som talar og skriv, høyrer og les.
Gjert Vestrheim er professor i gresk ved Universitetet i Bergen, der han òg underviser i retorikk.
Foto: Universitetet i Bergen
Denne boka er ei innføring i den klassiske retorikkens grunnleggjande omgrep. Men målgruppa er ikkje dei som berre ønskjer kunnskap om faget. Boka vender seg til dei som vil nytte retorikken, anten dei vil tale sjølve eller dei vil lære seg å vere kritiske til andre sine taler. Og kven ønskjer ikkje å vinne diskusjonar og avrøystingar? Og å avkle ein meiningsmotstandar den retoriske bunaden?
Mange bøker tilbyr hjelp til slikt – utan det klassiske innslaget. Men Gjert Vestrheim er klassikar og ekspert på gamalgresk. Han vil bevisstgjere og dyktiggjere lesarane sine ved hjelp av teoriar og termar som i hovudsak vart utarbeidde av grekaren Aristoteles på 300-talet f.Kr. og romaren Quintilian på 100-talet e.Kr.
Godt grep
Dette grepet fungerer særs vel i denne boka. Det gode gamle retorikkfaget og det antikke «systemet» viser seg å høve rett så godt som grunnlag både for praktikaren, som sjølv vil bli ein betre talar, og for kritikaren, som helst vil gjennomskode andre. At det er slik, kjem, som Vestrheim seier, av at dei observerbare faktaa i retorikkfaget – munnleg og skriftleg språkbruk og argumentasjon i skrift og tale – er dei same no som for to tusen år sidan. I fag som astronomi, biologi og medisin, som har gjennomgått store omveltingar, ville det vere meiningslaust å skrive ei innføringsbok basert på antikke kjelder.
Boka serverer lesaren sentrale delar av den klassiske retorikken i eit nøtteskal, med rikeleg bruk av det tekniske ordtilfanget som høyrer faget til, og som vi har dels frå gresk, dels frå latin. Etter at innleiingskapittelet har gjort eit sveip gjennom heile retorikkhistoria, drøftar Vestrheim eit par grunnleggjande retoriske omgrep og
dinest dei tre klassiske talesjangrane og tre av retorikkens tradisjonelle fem «delar»: å finne, ordne og utforme stoffet.
Lett å fordøye
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.