Bok

Rette hjelpebok i rette tid

Betre kan det vanskeleg gjerast. Hatten av, tommelen opp og flagget til topps!

Publisert

Eg trudde ikkje det var mogleg å få ei slik bok i hende, med så klåre, friske blikk på argumentasjon og god skikk i offentleg samvære, heilt utan svampesur moralisme. Denne boka vil alle, i kvardagsliv og offentleg debatt, i krangel over kaffikoppar og andre nytingsmiddel så vel som i alvorlege vurderingar av konfliktar og handlingsval, ha god nytte av. Ikkje for å vinne ordskiftet, men for å forstå premissane for at det utviklar seg.

Breivega går rett på sak. Ho kluntar ikkje til framstillinga med ærbødige bukk til allslags autoritetar. Ho mystifiserer ingen omgrep, men drøftar prosessane i diskusjonar. Eit innleiande oversyn over «det argumentasjonsanalytiske feltet» tek vekk prestasjonsangsten hjå lesaren. Det gjeld om sjølve grunnlaget for demokrati og etikk – men der er fleire vegar til avklaring. Ein verdi ved boka er at det somme reknar som konkurrerande hovudtrendar innafor retorikk og pragmatisk analyse, her tvert om vert gjensidig opplysande tilnærmingsmåtar.

Kva er eit resonnement? Det er å knyte saman overordna og underordna premissar på slikt vis at vi kan etablere ein konklusjon. Breivega tek feste i viktige europeiske tradisjonar i språkfilosofi og handlingsteori for å fjerne seg frå den innelukka teknisk-logiske definisjonsleiken av omgrep og metodar, og konsentrere seg heller om den faktiske, praktiske språkbruken og dei reglane som der dannar seg. Ho syner likefram og overtydande korleis samvirket mellom strukturen i språkbruken og handlingsmåla vi ser for oss, krev ettertanke og analyse.

Boka siktar fyrst mot å gjere lesaren var for sjølve språkbruken, med ordval, struktur, lånte fjør og det heile. Språkvala i argumentasjonen fører til handling, altså står grunnleggjande etiske utfordringar på spel, noko som vert eit hovudtema. Tankegangen vår er jo oftast bunden opp i språkvanar så vel som praksisvanar og -reglar, der avgjerande handling ofte krev brot med vanetenking.

Døma Breivega hentar fram, er opplysande, ikkje keisamt nøytraliserte, dei får fram ulike strategiar i diskusjonane. Berre nokre: oljeboring i Lofoten, synet på muslimske land og Koranen, Sian, bistandspolitikk, språkleg jamstelling – det er uråd med slikt materiale å ikkje skjøne at valet av argumentasjonsstrategi er avgjerande.

Vi lyt alle, unge og gamle, kritisk vurdere vår eiga deltaking i verda. Kritisk tenking er ikkje fyrst og fremst å vere skeptisk til utsegnene frå andre, men å vere i stand til å analysere dei og å skjøne kva tid ein sjølv byggjer på sviktande premissar. Sjølvkritikk er vegen til forståing av andre, seg sjølv og den tredje part: det vi talar om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement