Musikk

Røft og lunt på same tid

Bandet til Ingebrigt Håker Flaten har mange flotte kvalitetar.

Ingebrigt Håker Flaten hyllar trompetaren Jaimie «Breezy» Branch på albumet som er kalla opp etter henne.
Ingebrigt Håker Flaten hyllar trompetaren Jaimie «Breezy» Branch på albumet som er kalla opp etter henne.
Publisert

(Exit) Knarr var tittelen på tingingsverket som Ingebrigt Håker Flaten leverte til Vossa Jazz i 2021. Med den nye utgjevinga, Breezy, har han halde på verktittelen som bandnamn, og besetninga er delvis som i 2021. Plata er ei hylling til den amerikanske trompetaren Jaimie «Breezy» Branch, som Flaten spelte saman med ein heil del. Ho døydde brått for vel to år sidan.

Uansett kva som skjer rundt han, uansett kva tempo og uansett kor han er på gripebrettet, så er Flaten klokkeklar i lydbiletet med ein kombinasjon av solid autoritet og lun sving. Eg har alt spelt plata tallause gonger og kjem attende til nettopp denne fascinerande leiarskapen.

Komponistpotensialet viste han tydeleg på nemnde tingingsverk, og her følgjer han opp med fem nye låtar som i tillegg til eigenverdien også er «utskytingsrampar» for mange sterke solistiske bidrag. Nettopp denne kombinasjonen av det skrivne og det improviserte, der ensemblet ofte skapar eit dramatisk skiftande bakteppe til djerve solistiske ytringar, er med på å gjera plata til ei kjelde til stadig nye oppdagingar. Både i stil og temperament varierer dei solistiske bidraga sterkt, og det gjev ikkje meining å dra fram den eine framfor den andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement