Musikk

Rype i nysnø

Liv Elise Nordskog og Signe Bakke syner oss songkomponisten Tveitt.

Komponisten Geirr Tveitt (1908–1981).
Komponisten Geirr Tveitt (1908–1981).
Publisert

Geirr Tveitt var ikkje berre mellom dei mest originale 1900-talskomponistane våre, men også ein av dei mest produktive. Opuslista er like lang som ho er uoverskodeleg: Han omarbeidde ofte verka sine, slik at dei finst i ulike versjonar, og under brannen på garden hans i Kvam i Hardanger i 1970 gjekk ein stor del av livsverket opp i røyk. Mange manuskript av upubliserte stykke gjekk tapt, i tillegg til kring tusen folketonar som han teikna ned under feltarbeid i åra kring 1940. Heldigvis hadde han alt omarbeidd mange av folketonane til kunstmusikk, og det er orkestersuitane frå samlinga Hundrad folketonar frå Hardanger han no er mest kjend for.

Spesielt tiltalande ved Tveitts orkestermusikk tykkjer eg er måten han kombinerer norske folketonar og norsk tonalitet med fransk og russisk instrumenteringskunst på. Slike stilkombinasjonar av folkeleg-norsk og klassisk-kontinentalt høyrer me også på Liv Elise Nordskog og Signe Bakkes nye album, som presenterer 22 songar for sopran og klaver. Dei blei til medan Tveitt arbeidde for NRK i 1960- og 1970-åra, i ei tid då han komponerte over 200 songar til lyrikk av norske poetar. På plata får me fire av dei: Arnulf Øverland, Johan Falkberget, Olav H. Hauge og Per Sivle.

Tempovariasjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement