Musikk
Rytmekunstnaren
Jim Keltner er ein trommis musikarane ser opp til.
Jim Keltner har spelt på tallause album med verdskjende musikarar. Foto: youtube.comJim Keltner har spelt på tallause album med verdskjende musikarar. Foto: youtube.com
Om du lyttar ein del til enten country, folk, blues, jazz, pop eller rockemusikk laga dei siste femti åra, har du garantert høyrt han i tallause samanhengar. Han er ein av dei mest brukte studiomusikarane i amerikansk og britisk musikk, og han har ei heilt eiga tilnærming og ein særprega spelestil.
Samstundes kjennest spelet hans som ein så naturleg del av heilskapen at berre særskilt musikkinteresserte legg skikkeleg merke til han. Sjansen er også stor for at du har eit album kor han spelar, eller kjenner til ein låt han har sett rytmiske avtrykk på, men dei færraste utanom musikarar kjenner til namnet hans. Eg snakkar om trommekunstnaren Jim Keltner.
Innleving
Jim Keltner (1942) frå Tulsa i Oklahoma har ei heilt eiga forståing for det som på musikkspråket kallast time, ei eiga innleving i samspelet med andre, med hårfine rytmiske nyansar som alltid underbyggjer låten på meisterleg vis.
Det handlar om kvar dei enkelte slaga vert lagde, kvar pausane og overgangane kjem, men også like mykje om å lata vere å spele, som det å spele. Det er laust og leikent, men samstundes stramt og elegant der det trengst. Keltner tek heile tida sjansar, gjerne med uventa slag og overgangar, men aldri så det går ut over heilskapen. Og alltid kastar han ball med – og stør opp om – medmusikarane.
Ein av grunnane til at han gjerne kjem litt i skuggen av dei mest kjende trommeslagarane, er at han ikkje driv med nokon openberr trommebriljering, som mange av kollegaene. (Trommesoloar er ikkje hans greie.) Han skapar likevel eit sug og eit tilbakehalde driv som gjer at ein får lyst til å høyre musikken om att og om att.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.