Så lada

Det er ikkje godt å seie kva som er høna og egget i portrettet av ei skjør mor og ein far med utfordringar.

Tore Westre er lektor og har gått på Forfattarstudiet i Bø. No debuterer han som romanforfattar.
Tore Westre er lektor og har gått på Forfattarstudiet i Bø. No debuterer han som romanforfattar.
Publisert

Kor lite plass treng ein for å fortelje utruleg mykje? Tore Westre teiknar på 139 små sider i Det er best sånn opp eit stort, rikt og sårt univers. Det er mest så det gneistrar av boksidene.

Universet består hovudsakeleg av han, ho og sonen. Det er heile tida han som fortel, sjølv om dei tre delane er innleia med «Han», «Hun» og «Jeg». Han er ein mann som slit med å finne ut korleis han skal takle forhold, seg sjølv og sonen. Ho er ei kvinne som opplever at ho ikkje strekk til. Sonen dinglar mellom dei etter beste evne.

Alt smuldrar

I første del bur han og sonen aleine. Noko har skjedd, noko traumatisk for dei begge. Det kjem fram at faren ikkje har oversikt over rutinane til sonen, som i ein barnebursdag der han ikkje veit om guten vil ha både ketsjup og sennep på pølsa. Hos tannlegen kan han ikkje gjere greie for om guten er flink til å pusse tennene. Kvardagen går elles greitt med bringing og henting til barnehagen, med middag på bordet, turar til symjehallen.

Men det er noko fjernt over faren. På jobben skjer det same kvar dag: Kari-Ann spør korleis det går, om han ikkje skal ta seg litt fri, og Leif masar om skjema som skal leverast inn. Vår hovudperson flyttar vilkårleg rundt på nokre tal i excelkolonner og sender dei av garde. Til sist bryt maskina hans saman, og han får ikkje hjelp av IT-konsulenten, som til sist tar sommarferie.

Alt smuldrar. Heime stiller sonen dagleg spørsmål om kva som finst på månen (Finst det magasin? Finst det torevêr?), og han seier slikt som at ein gong var sjøstjernene aleine i havet, då lyste dei opp som lamper, eller han fortel om skjelpadda som blødde naseblod. Faren snakkar abstrakt tilbake til han: «Det finnes en logikk i det meste», «Det eneste som har noe å si, er våre egne meninger», «Vi har ikke styring på når noe blir annerledes».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement