Teater

Så lettskremde er vi vel ikkje?

Ei grei spøkjelseshistorie som gjev seg ut for noko anna og meir skremmande.

Advokat Arthur Kippe, spelt av Øystein Martinsen, gjenopplever eit 30 år gamalt minne.
Advokat Arthur Kippe, spelt av Øystein Martinsen, gjenopplever eit 30 år gamalt minne.
Publisert

Kvinna i svart, som visst aldri har vore vist på ei norsk scene før, kjem med ei historie som lover godt. Stykket skal ha gått samanhengande i 32 år på ei scene i London og vere sett av sju millionar menneske. Det er også filma både for TV og for kino. Og det skal visstnok ha skremt livskiten (også kjend som mageinnhaldet) av fleire tilskodarar. «Skumlare enn nokon skrekkfilm», får vi vete.

Framsyninga er underhaldande og velspelt, men kan knapt skremme ein tolvåring.

Vi får rett nok høyre om det skremmande, og slik at vi kan tru på det, men på teaterscena ventar vi også å få sjå det, oppleve det, kjenne det på kroppen. Kva er elles vitsen med å setje 15-årsgrense? Eller er det berre eit ledd i førehands-hypen teatersjef Thomas Bye presenterer om kor vanvitig skremmande denne framsyninga er? Det er mest så det freistar å melde han til Forbrukartilsynet.

Ein advokat (Øystein Martinsen) har hatt ei sterkt traumatiserande oppleving i samband med ei gravferd, og dette vil ikkje sleppe taket i han. 30 år seinare har han skrive eit manus om det han opplevde, og hyrer ein skodespelar (Cato Skimten Storengen) til å lage teater av historia – slik at han sjølv skal kunne oppleve uhygga på nytt og gjennom det kanskje fri seg frå frykta.

Den svartkledde kvinna (Vilde Biserød Vengnes), spøkjelset vi får sjå nokre få gonger, verkar rett nok litt skremmande der ho sklir over scena. Men det er ikkje nok. Også lysdesignar Arne Kambestad og lyddesignar Gunnar Innvær nyttar mange av dei effektane dei har til rådvelde, men heller ikkje det set livskiten i rørsle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement