Musikk

Saksofonen vender tilbake

Arven etter Bruce Springsteen er trygg hos Sam Fender.
 

Britiske Sam Fender bør vere klar for dei store konsertarenaene etter å ha gitt ut eit vellukka tredje album.
Publisert Sist oppdatert

Saksofonen er bringebæret i pop og rock. Brukt rett, gjev saksofonen eit ekstra hint av energi og karakter. Brukt feil, kan han gjere alt klissete og unødvendig påtrengjande.

Difor fauk saksofonen ut av popmusikken omtrent samtidig som Berlinmuren fall. Treblåsaren var så godt som borte heilt til Philadelphia-bandet The War on Drugs tok han tilbake for dryge ti år sidan og gjorde han til eit kjenneteikn i den storslegne tilnærminga deira til episk amerikansk rock.

Det er altså ikkje direkte oppsiktsvekkjande at bandleiar og -eigar Adam Granduciel held fram med dette når han no, som produsent, løftar britiske Sam Fender opp som det nye arbeidaralternativet blant stadionartistar.

Samuel Thomas Fender kjem frå North Shields i England, nordaust for Newcastle. Trass i ei befolkning på storleik med bydelen Fyllingsdalen i Bergen har hamnebyen fostra både vokalisten i Pet Shop Boys og oppfinnaren av den formbare modellmassen Plastilina.

Eksplosivt

Andrealbumet Seventeen Going Under gav hausten 2021 fleire glimt av von i ein pandemisk overgangsfase. Smertelege kvardagsforteljingar møtte oppløftande refreng som fekk lov til å vekse seg enorme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement