Bok
Saman er vi mindre aleine
I Bjørn Ingvaldsens mest omtykte barnebøker skriv han gjerne frå eit liknande landskap som i diktsamlinga meldt ovanfor. Saman med teikneserieskaparen Kristoffer Kjølberg gjev han seg no i kast med meir kvardagslege traume som kan ramme alle. I det første albumet i den nye serien om drittungane dreier det seg om å ikkje bli invitert i bursdag til den mest populære jenta i klassen.
Alle er inviterte, så nær som drittungane. Dei fire som er ekskluderte, slår seg saman og planlegg ein herleg hemn. Med kvar sin klare styrke er dei eit godt lag. I ein enkel strek som er lett å kjenne att, understrekar Kjølberg typeteikningane. Kontrastane og samspelet gjev framdrift og snert i forteljinga.
Bakgrunnsfargen skiftar med scenene og fortel kvar vi er. Legg du ikkje merke til det før, ser du det når dei fantastiske fire strenar inn på det gusjegrøne sjukehuset.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.