Musikk
Sanseleg og sårbart
Ingebjørg Loe Bjørnstad tematiserer kjærleikens skuggesider.
Ingebjørg Loe Bjørnstad skriv musikk med tekstar på surnadalsdialekt.
Ingebjørg Loe Bjørnstad debuterte som plateartist i 2013 med Hæm, også den ugjeven på Øra fonogram og med god hjelp frå Frode Haltli. Seinare har ho gjeve ut nokre plater på eige selskap, Flokje fonogram. I 2022 var ho med i prosjektet til Hedvig Mollestad og Trondheim jazzorkester, Maternity Beat.
Det er noko overveldande nært og sanseleg i tekstane og uttrykket til Bjørnstad. Ho skriv på surnadalsdialekt og er svært konkret og taktil i det poetiske språket sitt, som i «Morgonyr»: «Snilan sig gjønnå mildt morgonyr/ Vi legg ti fuktige lakan/ kirsebærtrea svulma og tek snart fyr/ Håret ditt har krølla seg i nakkan.»
Dikta til Bjørnstad har mange døme på enderim, men det er bokstavrima som gjev rytme og driv til dikta. Slik sett dreg dikta vekslar på norrøn lyrikk.
Sentralyriske tema dominerer plata. Ni av elleve tekstar har den tosame kjærleiken som tema. Eit sanseleg og til tider sensuelt språk skapar både spaning og distanse til ein kjærleik som manglar tryggleik og varme. Vald er også ein del av tematikken i nokre av dikta, sterkast uttrykt i «Hår»: «To auveppå bada ti gru/ Og såret rinn/ nedover ei raud og håvva overlepp». Dei to døma på naturlyrikk, «Skjora» og «Bjærka» gjev eit lite pusterom.
Bjørnstad har fått komposisjonshjelp hjå Trygve Seim («Hår»), Sondre Meisfjord («Mærk mold») og Håkon Thelin («Og graset ut»). Dei åtte andre har Bjørnstad ført i pennen. Låtane spenner frå det enkle songbare, til dømes «Læt jøset skjælv», til impresjonistiske, støyinspirerte låtar som nemnde «Morgonyr».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.