Film
Sataniske verk
Sikre stilval og ein skummel seriemordar gjer Longlegs til ein skrekkfilm over snittet.
Frå filmen Longlegs.
FBI-agent Lee Harker (Monroe) er nesten synsk, ifølgje sjefen, agent Carter (Underwood). Dei jaktar på ein seriemordar i Oregon på nittitalet. Brev frå «Longlegs» (Cage) med uforståelege kodar ligg igjen i ei rekkje heimar der menn har drepe kona, borna og seg sjølv. Det verkar som noko okkult ligg bak. Ei opningsscene gjev eit grimt glimt av skurken frå det som ser ut som syttiåra, der han møter ei lita jente. Kanskje var det Lee?
Tidene
Regissør Oz Perkins brukar medvitne tidsbilete. Smalt filmformat og boblejakke med fjong farge gjev stilfulle tilbakeblikk. Når biletet blir breiare, hoppar vi fram. På kontorveggen til Carter heng eit svært bilete av Bill Clinton. På nittitalet pregar satanisk angstalarm pressa. Det er logisk og nostalgisk at Blair Underwood spelar Carter. Nittitalsstjerna er stødig i rolla som trygg leiar.
Skurken Longlegs har ein eim av Nattsvermeren frå 1991. Nicolas Cage er ikkje til å kjenne igjen. Han er ekkel. Ein kan spørje om den androgyne framtoningen hans er meint ekstra forstyrrande. Longlegs har Transformer-omslaget med Lou Reed og Marc Bolan-plakat på veggen, og vi høyrer T. Rex. Dei smått kjønnsoverskridande elementa blir altså blanda med det okkulte. I ei tid der sjølv feministar kan vere transfobe, kjennest det trøblete, men Perkins pirkar i skorper på sår frå ulike tider.
Nivåa
Sanne satanistar må ikkje høyre på svartmetall. Musikken av bror til regissøren, Elvis Perkins, er passe original og urovekkjande. Foto av Andres Arochi Tinajero blandar elegant det vanlege og det dunkle i ulike tider. Manus har nokre fine overraskingar, men òg eit par klisjear og logiske gleppar, gjerne knytte til vala karakterar gjer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.