Bok
Sauebondens mangesidige liv
Dahl skriv kjenslevart og gripande om gardsdrift, slekt og eige liv.
Kjell Ola Dahl fortel om livet som sauebonde.
Foto: Agnete Brun
Sidan debuten i 1993 har Kjell Ola Dahl med sine hittil meir en 20 krim- og sakprosabøker rydda seg ein solid plass i det litterære terrenget. Årets sakprosatittel, hans sjette, kjem frå ein forfattar med lang og allsidig røynsle. Med den sjølvbiografiske tilnærminga skil Mitt liv som sauebonde seg frå dei tidlegare utgjevingane, og til liks med andre sjølvbiografar startar Dahl soga si med formødrene og forfedrane.
Ein gard og ei bok
Torgunrud gard i Eidsvoll har vore i familien Dahls eige sidan 1934. Kjell Ola sa frå seg odelsretten til gardsbruket. Han hadde andre mål i livet. Men lagnaden ville det annleis, og frå hausten 2000 har han vore både bonde og forfattar.
Det er på Torgunrud han skriv bøkene sine, og det var her han byrja skrive om gardsdrifta og om livet tett på dyr og natur. Då han også tok fatt i slektshistoria, fekk tekstane retning og plass i ein heilskap. Det har blitt ein prosess med livsklårsyn, erkjenning og avdekking av dunkle familieløyndomar.
Tett på liv og død
Ikkje før halvvegs i boka tek Dahl føre seg dagleglivet i sauefjøsen og arbeidet i innmark og utmark. Fram til dit handlar det meste om vegane som leidde fram til eit liv som sauebonde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.