Seksåring på skuleveg

Publisert

Vel 50.000 seksåringar finn i desse dagar plassen sin bak skulepulten. Stortinget vil no evaluere den vel tjue år gamle seksårsreforma. Mykje tyder på at det vert både for lite læring og for lite leiking i første klasse.

Torbjørn gruar seg til å byrje på skulen. I barnehagen har dei lesestund kvar dag og vaflar når nokon har bursdag. Dei går på tur i skogen og leitar etter småkryp i mosen, spikkar borkbåtar og drikk kakao. Slik er det nok ikkje på skulen. Kva om han treng hjelp med glidelåsen eller slår seg og treng trøyst? Kva om ingen vil leike med han i friminuttet?

Anja Dahle Øverbye har etablert eit umiskjenneleg særpreg i dei skraverte blyantteikningane sine. Streken i Lykketanna er den same som i albuma Hundedagar og Bergen, sjølv om fargebruken er rausare og varmare. Grunnstemninga er melankolsk, og karakterane er engstelege, også no når målgruppa er yngre lesarar. I biletboka lener ho seg stadig mot teikneserien. Inndelinga i ruter avlastar teksten og styrer blikket til lesaren, anten mot viktige detaljar eller mot vendingar i historia.

For lykka snur. På Naturhistorisk museum kjøper mamma ei lykketann. Og snart finn Torbjørn ein venn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement