Kunst

Side om side med Munch

Utstillinga Mot det moderne løftar fram Christian Skredsvig internasjonalt og viser at han sette merke på samtida si. Kunsten hans er langt frå smålåten.

Utstillinga opnar med eit enormt fotografi av kunstnaren i sine glansdagar.
Utstillinga opnar med eit enormt fotografi av kunstnaren i sine glansdagar.
Publisert

Det første som møter oss i utstillinga Mot det moderne, er eit fotografi av Christian Skredsvig (1854–1924) som strekker seg frå golv til tak. Han sit i vinterfrakk og med ein vidbremma hatt på hovudet. Med hovudet kvilande mot handa ser han langt framføre seg, drøymande. Vi kjenner att ein posør når vi ser han. Her er ein som vil opp og fram. Og opp og fram kom han så sanneleg.

På denne tida var kunsten ein av få måtar ein kunne svinge seg oppover rangstigen på. Trass i at kunstnaren vaks opp i enkle kår på Modum, utan måleri og skulpturar rundt seg, skal ein ikkje undervurdere kva som fanst omkring han frå barndomen av. Alt han hadde på seg, var strikka og sydd for hand. Dukar og sengeteppe var pryda med broderi. Kister, dører og fat var utskorne og dekorerte.

Såleis kom han som eit friskt pust til Paris, med store ambisjonar og med digre lerretsflater som skulle dekkast med måling.

Gullmedaljen

Vinteren 1879–80 var særleg kald i Paris. I «Snekjøring på Seinen» frå 1880 skildrar Skredsvig korleis hestane fører vekk snøen i svære kjerrer og lempar han i Seinen. Verket måler heile 141 x 250 cm og viser at han har eit uvanleg stort talent for å skildre dyr. Det er spennande å sjå korleis nordmannen målar i ei brytningstid, då ein framleis driv landbruk på gamlemåten. Det meste er gjort med handkraft og er særs tungt å utføre for både dyr og menneske.

«Snekjøring på Seinen» kom med på Salon de Paris, som var den desidert viktigaste visingsstaden i Europa på slutten av 1800-talet. Ikkje berre kom han med i dette celebre selskapet, alt året etter vann han parisersalongens gullmedalje med «Une ferme á Veniox». Han er den einaste norske kunstnaren som har fått denne heideren, noko som vitnar om kor høgt han vart verdsett.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement