Signe Seim (1929–2023)

Signe Seim.
Signe Seim.
Publisert

I dag vert lyrikaren Signe Seim gravlagd frå Vangskyrkja på Voss. Ho ville ha fylt 94 år i mai.

Signe Seim debuterte i 1960 med diktsamlinga Trø varleg, min fot. Samlinga kom ut på Fonna Forlag. Ho kom deretter ut med åtte diktsamlingar, men ho gav òg ut barnebøker, ein roman og korte skodespel.

Signe Seim var utdanna lærar og var i fleire år ved barneskulen i Leveld i Ål i Hallingdal. Elevar eg kjenner som hadde Signe Seim frå 1. klasse, fortel at dei ikkje kunne hatt ein tryggare skulestart enn gjennom henne. Lærarbakgrunnen var medverkande til at ho gav ut emnehefte både om Per Sivle og Ivar Aasen.

Diktopplesing med Signe Seim var mitt fyrste møte med lyrikk. Om eg ikkje alltid skjøna djupna i dikta, greip dei meg. Framføringa kom innanfrå, rett frå kjelda. Ein måtte høyra etter, også som rastlaus tenåring. Signe Seim hadde ei mild framtoning og samstundes ein styrke både personleg og i dikta ho skreiv.

I 1997 kom Åleine med orda. Dikt i samling. Lyrikaren Magne Myhra har skrive etterordet. Han skriv: «I si dikting vil ho verna det veike og stillferdige, gje ord til det tagale og lidande, protestera mot det urettferdige og hylla det enkle og jordnære. I hennar diktarverd lyder ei uskriven etisk lov: Du skal vera tru mot mennesket.»

Ein annan diktar, Olav H. Hauge, skriv i dagboka i 1966, då Signe Seim kom med samlinga I stillaste timen:«Fine dikt! Dei verkar so ekte, so ekte.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement