Film
Simpatico
Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.
Foto: AS Fidalgo
Matamoros, 2011: Den mexikanske grensebyen slit med kriminalitet, og ungar ned i barneskulealder vert rekrutterte. Skulen Jose Urbina Lopez er gamaldags og lite engasjerande, heilt til den nye læraren Sergio (Derbez) dukkar opp i klasserommet. Lutfattige Paloma (Trejo) anar at trass i formaningane frå faren så er det faktisk lov å drøyma om ei betre framtid.
Good Will Mexicana
Det er freistande å avskriva Radical som typisk tårepersedrama som Lean on me (1989), Dangerous minds (1995) og Good Will Hunting (1997): fantastisk inspirerande lærar kjem inn i trøblete klassemiljø og klarar å snu elevane med sin alternative pedagogikk, særleg den eine eleven som mot alle odds stikk seg ut som potensielt geni. Den skildringa er faktisk nesten tullete presis, men hoi, hoi – Radical er basert på ei sann historie! Det er nesten som det automatisk gjev filmen ein ekstra dimensjon, også fordi filmen faktisk er mexicansk. Viss ikkje det kjem ein Hollywood-versjon snart, så blir eg overraska.
Du skal leita lenge etter ei betre og sannare solskinshistorie enn denne. Så skal det seiast at ein del av dei berande karakterane er samanslåingar av ulike elevar og ikkje ekte personar, så ein må jo seia at her er det nok skapt ekstra lag av drama som gjer at filmen blir i nærleiken av akkurat så søtlåten som slike filmar gjerne er. Eg tilhøyrer ofte kategorien som fnyser av det på papiret, men som i kinosalen sit med ein heilt annan type papir for å ta unna tårer og snott.
La stå
Men Radical er mykje meir enn dette. Vel så mykje er han ein viktig påminnar om at vårt eige skulesystem heller ikkje hadde hatt vondt av ein Sergio eller to. «Verda har endra seg, men det har ikkje skulen», seier Sergio til sin allierte, rektor Chucho (Haddad).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.