Bok

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa frå sinnets undergrunn.

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Publisert

Det er nok mange som veit at Stian Carstensen er eit musikalsk geni, ein multiinstrumentalistisk virtuos, men færre har visst at det i alt det instrumentale til tider har vore mindre av instru og meir av det mentale, sagt annleis: Han har hatt sitt å stri med, med psykosar og sjølvmordsforsøk, og Lars Elling skriv både om dette og om seg sjølv i den nye boka si.

Lars Elling kallar boka ei forteljing, og det er ikkje noko gale med ei slik nemning, men denne tekstmassen er både ein roman, ein biografi og eit frodig informalt essay om menneskesinnets labyrintar, kunstfagets laborantar og improvisasjonens labberuntar, labbetussar, libertarianarar og libertinarar i evige strikkhopp mellom katatoni, ketsjupeffekt og kitch, catch, fillebombombom.

Alt er skrive med same vidopne, eklektiske sinn og overskot som det ein kan høyra frå Carstensens trekkspelbelg, der høgt møter lågt utan å diskriminera mellom anna enn godt og dårleg, etter idiosynkratiske kriterium ein ikkje forstår i utgangspunktet, men med resultat ein vert begeistra av.

Personleg

Elling skriv både om seg og om Carstensen, men sjølv om ein kjem tett på Carstensen i den psykotiske augneblinken og får mange glimt av dei sprelske påfunna hans og sinnets tornado, går ikkje teksten over terskelen til det private når det gjeld musikaren. Det Elling skriv om seg og sitt, er naturlegvis personleg, men det har sin tydelege plass i heilskapen og er aldri forstyrrande.

Boka syner oss Carstensen som ein inkluderande og læreviljug person med mange talent, mellom anna for språk og hybridar mellom blinkskot og blødmar, og Elling er sanneleg av same stamme, det urfolket han sjølv definerer ved ein diagnose som også høver på han som skriv denne meldinga, nemleg assosiasjonstourettes. Utan assosiasjon vert det ingen kunst, og heller ikkje ein person.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement