Bok

Sjå dette mennesket

Maria Navarro Skaranger skriv godt og uvanleg om det vanlege og litt vonde.

Bøkene til Maria Navarro Skaranger er omsette til 18 språk. I 2022 fekk ho Sultprisen for forfattarskapen.
Bøkene til Maria Navarro Skaranger er omsette til 18 språk. I 2022 fekk ho Sultprisen for forfattarskapen.
Publisert Sist oppdatert

Drabantbylivet er arkitektonisk blokkjustert, men Maria Navarro Skaranger skriv om det med ujamn høgremarg, og det høver merkverdig godt, utan at det absolutt må ligga ei meining attom den detaljen i formateringa.

I denne nye romanen frå Skaranger møter me Sidsel, ei snart seksti år gamal dame som har gått litt i offside i eksistensen, ho er for tidleg på veg inn i alderdomen og har ikkje mykje til liv. Ho lever åleine, men har ei dotter, Em, som på si side har sonen Liam. Sidsel har kontakt med dottera og barnebarnet, men det vantar eitkvart i den kontakten, dei når ikkje heilt fram til kvarandre, og på same vis er det mellom Sidsel og venninnene hennar, dei kan vera til stades samstundes, men dei er ikkje ordentleg saman.

Forteljargrep

I tillegg har me forteljarrøysta, eit eg som av og til stikk seg fram og endåtil klagar over personen og kulissene ho har dikta opp, anten det no er det keisame og stusslege livet til Sidsel, drabantbyane i det heile, eller matlaginga til Em, og ein kunne tru at eit slikt perspektiv ville irritera lesaren, men det gjer det ikkje.

Skaranger får det som ville ha vore ein kardinalfeil i dei fleste bøker, til å verta ein styrke ved teksten ho skriv. Utan at det går ut over noko som helst, kan ho flytta Sidsel rundt om i oslosentrisk bane, svivande som ein liten, umerkeleg måne i betongsfæren kring det eigentlege. Ho kan vera her eller der, og forteljaren klagar over si eiga dikting, men held fram, ho har fått auge på Sidsel og formidlar det ho ser, på virtuost vis til lesaren, slik at teksten ikkje berre verkar plausibel, men autentisk.

Eg ser Sidsel, men kjem også i tankar om ein annan fiktiv person, nemleg Eleanor Rigby, som Beatles syng om. Eit ganske vanleg menneske, ein litt grå figur, som kanskje ikkje har noko særs ved seg, anna enn eksistensen, og får ein først auge på nokon, vil ein gjerne vita eitkvart om personen. Korleis er det å vera deg? Kva drøymer du om å få til? Har du, som eg, ein song på hjernen no («Eleanor Rigby»)?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement