Sjangerforvirra operettetiltak
Dagsaktualisert czardasfyrstinne hamnar mest i vulgær limbo.
Magnus Staveland som Edwin og Eli-Kristin Hanssveen som Sylva Varescu.
Foto: Erik Berg
Operetten er ein stakkars nedvurdert teatersjanger, gamaldags i både musikkstil og handlingsmønster. Det er ingenting teatermakarar skyr meir enn det gamaldagse. Likevel hentar ein jamleg eit par i sjangeren fram att, som ein tråd mellom før og no.
Czardasfyrstinnen av Kálmán er ein av dei mest slitesterke av desse, full av både smektande og morosame melodiar. Men miljøskildringa? Fyrstar og grevar som forelskar seg i nattklubbsongarinner? Det kjennest langt borte og lenge, lenge sidan. Skal ein få la det vere som det er, eller ikkje?
Modernisering
Moderniserte opera- og operetteframsyningar er no eit kjent og omdiskutert omgrep. Det kan fungere, men det kan òg gå gale. I Hanne Tømtas regi går operetten føre seg i Oslo i 2022, tittelpersonen Sylva Varescu gjev seg ut for å vere transkvinne (svært kulturelt moteriktig), og arenaen hennar består mest av outrerte homsar.
Sjølv fleire av «sparkepikene» er menn. Denne skeive vinklinga på kabaretlivet er òg følgt opp av den nye omsetjinga, som i første akt har fjerna alle songliner som hyllar kvinner. Herrane som vanlegvis syng om «die Mädel, die Mädel...» og «Mädchen gibt es wunderfeine», syng her berre nøytralt om flørt og kyss og kjærleik, må vite. Det må ikkje bli for heteronormativt.
I det heile er den nye omsetjinga vel konsonanthard. Korleis syng ein lange tonar på ord som perfekt og prosjekt?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.