Litteratur
Sjeler som ventar på å vakne
Isabella Hammad skriv brennaktuelt om politikk og kunst.
Isabella Hammad er fødd og oppvaksen i eit palestinsk område i London.
Foto:
«Selv om jeg ikke kan bo der, vil sjelen min våkne opp igjen hvis det blir en palestinsk stat», seier ein person i Gjenferdet inn. Å lese ein roman om uretten gjord mot palestinarane før dei vanvitige hendingane dei ni siste månadene, kan verke nedslåande. Kvar dag møter nyhenda oss med bilete frå Gazas ufattelege gru. Skjønnlitteraturen har likevel ein eigen styrke. Ein roman set seg under huda på ein heilt annan måte.
Palestinsk-britiske Hammad fekk mykje ros for romanen Pariseren i 2019, også den om palestinske lagnader, lagd til førre hundreåret. Gjenferdet inn er frå i dag, handlinga skjer nokre sommarveker ikkje så lenge før den siste katastrofen for det palestinske folket, den som akkurat no eksploderer rundt dei dag og natt.
Ingen tvil om at Hammads bok er brennaktuell. Gjenferdet inn har likevel nokre svake sider. Og er det blitt ei god bok på norsk?
Gjenferd og politikk
Trettiåtte år gamle Sonia er palestinsk-britisk og bur i London. I opninga har ho nettopp landa i Israel og må gjennom eit langt forhøyr og strippe framfor ein betjent, som om ho var ein mogleg statsfiende. Sonia skal besøke systera i Haifa, det er mange år sidan sist. Opphaldet blir meir dramatisk enn ho såg føre seg. Det blir intenst, personleg, profesjonelt og politisk. Sonia er skodespelar, og skildringane av arbeidet med å levandegjere og gestalte ein fiktiv karakter er noko av det Hammad lykkast aller best i.
At noko er ròte i staten Israel, er underforstått. Og det er nettopp Hamlet den modige regissøren Mariam vil setje opp på den okkuperte Vestbreidda (romantittelen er frå Shakespeares skodespel). Sonia blir snart ein del av ensemblet. Under arbeidet med speleprøver og førebuing får ho erfare korleis den spente situasjonen gjennomsyrer heile tilværet for alle som bur og arbeider her: Kontrollstasjonane dei stadig må gjennom, sjølv på reiser på få kilometer, der dei unge israelske soldatane ofte utset dei for ubehag og audmjuking. At dagen sjeldan blir som planlagt. At ein alltid må vere på vakt og har lite rom for spontanitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.