Kunst

Skihelten frå Skien

Wilhelm Rasmussen: Skulptur av Hjalmar Johansen (1958).
Wilhelm Rasmussen: Skulptur av Hjalmar Johansen (1958).
Publisert

Før krigen rekna alle med at Wilhelm Rasmussen (1879–1965) kom til å verte skriven inn i kunsthistoria som ein av dei store bildehoggarane. Arbeidet han gjorde for Nasjonal Samling, sette ein stoppar for det. Likevel laga han det beste av monumenta sine etter krigen. Kan hende eit uttrykk for at han hadde mykje å bevise, og ved å legge all energi i å lage eit storslege monument kunne skuggen frå krigsdagane verka bleikare. Han utførte endåtil monumentet gratis, berre utgiftene vart dekte.

Skulpturen står i Skien, byen han vaks opp i. Verket er ei hyllest til den kjende polfararen Hjalmar Johansen, som var ein barndomskamerat frå Skien. Minnesmerket vart avduka med brask og bram i 1958, då Skien feira 600-årsjubileum. Då var Rasmussen godt oppi syttiåra.

Skulpturen er over 2,5 meter høg og viser polfararen brase framover saman med hundane sine, med blikket festa mot noko som ligg langt ute i horisonten. Johansen er enkelt kledd i varme klede og med tjukke vottar. Figuren er plassert på grovt tilhogde granittblokker som gir assosiasjon til isblokker.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement