Bok
Skrantande relasjonar, omsynslaus tid
Thomas J.R. Marthinsen skriv med djup innsikt i menneskesinnet.
Thomas J.R. Marthinsen (f. 1984) er oppvaksen i Sandefjord. Han er utdanna journalist og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Han er busett i Fåborg i Danmark.
Foto: Stine Raastad
Tida tek ikkje omsyn, som me veit, ho stoggar ikkje ved dei gode stundene, men skundar heller ikkje på i dei vonde. Minnet er ein mikstur av konstruksjon og fakta, ein held ikkje fast ved noko. «Evig eies kun det tapte», heiter det hjå Ibsen, eit postulat som vart modifisert slik av den legendariske NRK-produsenten Johnny Bergh (trur eg) då videobanda kom: «Evig eies kun det teipte.»
Hjå Thomas J.R. Marthinsen er det ofte noko sårt over tapt tid, eitkvart har vorte vaska bort i straumen av sekund, dagar og år. Ikkje minst er det slik med mange relasjonar. I korte tekstar som er meir røyndomsfragment enn forteljingar, og oftast i eit ettertenksamt perspektiv, skriv han om ulike folk og deira til dels skrantande relasjonar. Noko som har vore, eller nesten vart eitkvart, kjem til syne i minneglimt. Her er det ein mann som møter ei kvinne som truleg var forelska i han ein gong i tida, eller fleire døme på at nokon ser, eller tenkjer seg at dei ser, ein far som dei ikkje har særleg kontakt med meir, utan at årsaka til det vert presentert.
Røynlege tankar
Så godt som alle i boka, i dei elles ulike tekstane, tenkjer på eit forhold, ein relasjon, eller fleire slike, der ting ikkje er heilt slik dei gjerne vil ha det, men Marthinsen går sjeldan inn på det konkrete, korkje det som har skjedd, i alle høve ikkje i detalj, eller det idealet dei same personane kan hende lengtar etter. Slik vert dei også meir levande for lesaren, det finst ingen fasit for dei, dei ser ikkje ut til å ha ideal, politisk orientering, fastlåste meiningar eller tru, Marthinsen finn stader innanfor slike fenomen, der inne der tankane mest er bilete, men han artikulerer desse tankane svært godt, utan å øydeleggja med kunstferdig språk.
Ein får kjensla av at dette er røynlege tankar, og at hendingane dei syner til, er eitkvart som Marthinsen kjenner, men om det skulle vera rett, må han vera ein mangfaldig person, for her er den tenkjande, den som kjem til uttrykk, like gjerne mann som kvinne, gamal som ung. Samstundes er det slik at mykje av det som vert sagt, tenkt og skrive i denne boka, er tidlaust og eigentleg uavhengig av kjønn og biologi, forfattaren har funne eit generelt uttrykk for det spesielle, utan at personane vert mindre plausible.
Dei gongene han skriv om eitkvart som har ei form for tidsavhengig koloritt, gjer han det lett og sjølvsagt, til dømes når ein person er hjå farmora si og skal sjå på gamle bilete. Farmora har ei mengd med fotoalbum, i ulike fargar, noko som høyrer just hennar generasjon til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.