Film
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Det er gått mange år sidan mor til Emma (Bornedal) tok livet av seg. Ho klarte ikkje traumaa etter at ho og kjærasten (og no far til Emma) Martin nesten vart drepne. Dette skjedde for tretti år sidan, då ein seriemordar gjekk laus på sjukehuset der Martin jobba som nattevakt. Og som tittelen avslører: Marerittet vender tilbake. Kanskje dreping faktisk er arveleg?
Off-følgjar
Eg hugsar godt då den fyrste Nattevakten (1994) kom på kino. Det må vera den skumlaste filmen eg såg det året, berre skikkeleg ekkel. Heile tida lurar du på kva lyden rundt hjørnet er, og samtidig veit du at det kjem til å vera fælt. Når settingen er nattevakt på rettsmedisinsk, altså likhuset, veit du at det ikkje blir koseleg.
Regissør Ole Bornedal har samla mesteparten av gjengen frå 1994, utanom Sofie Gråbøls Kalinka, som då ifølgje manus gjorde sjølvmord. Den gongen spelte Kim Bodnia den sprø jusstudentkompisen til Martin, og det var han som la til rette for alle dei gufne likhuspåfunna som bygde opp til skrekken.
Bornedal må ta all skulda – han har skrive manus og regissert begge filmane, og han kan umogleg ha brukt gode konsulentar på dette her, snarare fått grønt lys på grunn av det lovande utgangspunktet, som eg jo forstår at det er freistande å laga ein oppfølgjar til – men dette er den tammaste, kjedelegaste, blodfattigaste, minst skrekkgrøssande horrorfilmen eg kan tenkja meg.
Faktisk – eg skulle klart å tenkja meg til ein langt skumlare film sjølv. Kinoen har slengt på kategoriane skrekk, grøssar og horror, noko som må vera tidenes lovar-og-lyg frå den kanten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.