Film
Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.
The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.
Foto: Another World Entertainment
Strange Darling opnar med ei heseblesande jakt der The Lady (Fitzgerald) flyktar med blod i andletet frå ein kokainrusa The Demon (Gallner) i pickup med rutete flanellskjorte og pumpehagle. Sekvensen blir presentert som kapittel nummer tre av seks.
Kva som har leia opp til flukta, får vi vite seinare i kapittel éin og to. Vriar og vendingar kan overraske i denne bloddrypande heisaturen med ein seriemordar på tampen av karrieren.
Estetisk energi
Det første vi får vite, er at filmen er filma på god gamaldags 35 mm-film i breitt scopeformat. Strange Darling glir galant inn i rekkja av skrekkfilmar frå USA som tek nostalgiske visuelle val, slik eg nemnde i meldinga av Heretic sist veke. Jamvel bilane skodar tilbake, som den raude Ford Pintoen The Lady køyrer.
Raudfargen går igjen, som han ofte gjer i skumle, blodige filmar. Folk røyker flittig. Lyset glitrar både på eit dunkelt, glorete motell og då røykskyene til The Lady flimrar i låg sol mellom trea. Den kjende skodespelaren Giovanni Ribisi står for kamera for fyrste gong. Han lukkast. Filmen er ei nyting for augo på ein skiten, gamal måte.
Musikken er kul. Z Berg bidreg med roleg klimpring. Ho syng mellom anna ein kledeleg skjør versjon av «Love Hurts». Craig DeLeon leverer rå, urovekkjande instrumentale tema som ofte krasjar med dei nedpå låtane. Saman står dei to musikarane for ein viktig del av stemninga i filmen. Det blir spennande, ekkelt og intenst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.