Bok
Skremmande klimareise
Illustrasjon: Jenny Jordahl
Den norske barneboka vender seg utover. Lenge har tendensen vore ei orientering mot individet og det subjektive, no kjem eit skifte: Barnelitteraturen tek tak i problema samfunnet står overfor. Hva er greia med klima? skriv seg inn i fleire trendar. Også som sjanger er fagboka i front i utviklinga av barnelitteraturen i Skandinavia.
Teikneserieboka til Jenny Jordahl og Ole Mathismoen kan lesast som ein oppfylgjar til fjorårets suksess Grønne greier. Ho er smidd over same lest, men ho er ikkje like vellukka.
I rolla som seg sjølv stiller Jenny spørsmål på vegner av oss alle; «Hæ? Jeg er jo bare lille meg. Det spiller ingen rolle hva jeg gjør eller ikke gjør.» Forskaren Ole svarar: «Hvis alle tenker at ’jeg gjør litt’ blir det mye til sammen. Da kan vi klare det.»
Diverre forsvinn dette konstruktive perspektivet fort. Rett nok reiser dei to rundt i ei klimanøytral «evighetsmaskin», ein slags moderne variant av luftskipet til Umberto Nobile. «Naut» minner også om farkosten til Oskeladden, med eventyrlege eigenskapar. Difor står det ikkje klart nok fram som ein tryggande sjanse og løysing, sjølv om det kan ha vore intensjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.