Teater
Skremmande og farleg aktuelt
Heksejakt er eit varsel om at gammal galskap kan dukke opp att, gitt dei rette omstenda.
Året er 1692. Stykket tek oss med til eit nybyggjarsamfunn av puritanske kristne i Massachusetts.
Foto: Sebastian Dalseide
Då Arthur Miller skreiv dette stykket i 1953, hadde han ikkje berre den dramatiske heksejakta i Salem Village i Massachusetts i 1692–1693 i tankane. Han tenkte også på den heksejakta som gjekk føre seg kring han, regissert av den hysteriske kommunistjegeren Joseph McCarthy, og som Miller sjølv blei råka av. Når Den Nationale Scene set opp denne klassikaren nett no, er det lett å sjå det som ei åtvaring om det som kan skje i USA dersom Donald Trump får fire nye år i Det kvite huset. 6. januar 2021 var berre byrjinga.
Stykket har ein veikskap, som regien ikkje gjer noko med: dei mange aktørane og dei mange nesten identiske historiene, som lenge gjer framsyninga uoversiktleg og noko kaotisk. Her synest det som om jakta på det storslegne har fått trumfe over framdrifta og det scenisk mest verksame. Ein god del kunne vore skore bort, slik at den individuelle «helten» John Proctor (Tormod Løvold) hadde stått skarpare fram på kostnad av fellesskapen. Men trass i dette har Miriam Prestøy Lie skapt eit sterkt og skremmande bilete av kva massehysteri kan utløyse, og kor lite som skal til for å setje eld på galskapen.
Religiøs dogmesjuke
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.