Bok

Skuleavis for slukelesing

Publisert Sist oppdatert

Forskinga fortel oss at fritidslesinga er vel så viktig som anna lesing for å utvikle god lesedugleik. Etter leggetid er den første boka i ein ny teikneserie, tiltenkt den såkalla «slukelesealderen». Boka føreset knekt lesekode, men ikkje så mykje lesetrening. Ho høver godt som ferielektyre.

Serien Avisgjengen vert skriven og teikna av Kristoffer Kjølberg. Illustratøren er kjend for eit enkelt og klassisk uttrykk, og for å «bevege seg stilmessig på tegneseriens grunnfjell», slik kollega Lars Fiske uttrykte det i vinnartalen i høve utdelinga av prisen for årets teikneserie til Kjølberg i 2018.

Slik er det også i denne nye serien: Tydelege teikningar, klassiske visuelle effektar og mange handsrekningar til den ferske lesaren. I enkelte oppslag gjer ikkje teksten anna enn å herme etter lydar: dunk, klirr, snafs og glafs. Elles er dialogen kort, klar og gøyal. Inndelinga i åtte kapittel gjer det greitt å ta pausar i lesinga, om det trengst.

Sebastian sit i redaksjonen i skuleavisa og har store planar om å bli berømt krimreporter. Kompisen Glenn, i redaktørstolen, ber han heller om å intervjue lærar Aud, fordi ho fyller 60 år. Fotograf Stine er lojal og einig med redaktøren. Sebastian sovnar demonstrativt over desken, før han legg ut på nattlege reportasjereiser i nabolaget på eiga hand.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement