Film
Skummelt og heilt på styr
Nyaste True Detective får meg til å både himla med og knipa igjen auga.
Jodie Foster og Kali Reis løyser mysterium i isøydet.
Foto: Michele K. Short / HBO
Eg har høge forventningar til fjerde sesong av suksesserien True Detective, fyrste gong på skjermen i 2014, då med noverande produsentar Woody Harrelson og Matthew McConaughey. Men var dei to førre sesongane eigentleg så bra? Eg såg faktisk aldri ferdig sesong to, innser eg. Når det no er Jodie Foster som sit i sjefsstolen som utoleleg detektiv, og når isøydet senkar seg, kjem spenninga til å ta seg opp og forsvara det framleis lovnadstunge ryktet til serien?
Enormt
Gruvebyen Ennis, Alaska vinterstid, er ikkje mykje lys og mykje varme. Politisjef Liz Danvers (Foster) kjem trampande med tunge snøjoggisar og pelskrage på termojakka og er så sur i fjeset at ein kan lura på om ho nokon gong har sett sola. Hennar kollega og nemesis, Angie Navarro (Reis), er ikkje mykje betre, anna enn kanskje endå meir ordknapp. Dei blir nesten parodisk tøffe i trynet saman med all den barske naturen og dei svære pickupane, men det er uansett premissen, og den får du nesten berre svelgja skal det vera vits i å sjå.
Du treng heller ikkje leita etter realisme, for her går det over stokk og stein, både paranormalt, unormalt og i heilt normale situasjonar. Frå starten av kjennest det som at X-files har gjenoppstått, og om Mulder og Scully hadde dukka opp, ville det nesten vore på sin plass. Nye True Detective er enormt søkt, men også enormt skummel innimellom.
Urkynisk
Det som skjer ute på forskingsstasjonen, der ei handfull vitskapsmenn jobbar og lever året rundt, grensar til ein skrekkfilm. Element frå den smått hårreisande starten dukkar stadig opp utover i serien og set liksom det utomjordiske skåpet på plass akkurat når du tenkte du var over i jordnær, traust etterforsking. Det vert spela mykje på urfolkstru, urfolksaktivisme og urfolkstematikk, slik at det nesten bikkar over til sjablongaktig og eindimensjonalt – enten er dei veldig åndelege, eller så er dei alkoholiserte og bryske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.